Oslo!

Endeleg kjem boka de alle har venta på: Fem års intens reiseverksemd har blitt til 150 siders like intens kommunenerding. Det fortener ein fest!

Eg har ikkje heilt planen klar, men har leigd salen på Kampen Bistro slik at vi kan få oss ein liten kommuneprat, nokre kalde pils og høve til å dingle litt på takterrassen om vi vil. Reisa i boka startar forresten rett borti Kampenparken, så det passar fint å feire boka her. Fleire detaljar om festen kjem.

Ja, og så blir det sjølvsagt høve til å kjøpe denne boka, då, om ikkje eitt eller anna går i ball hjå Samlaget (det gjer ikkje det).

Arrangementet er sjølvsagt gratis og ope for alle.

Med von om ein kommunal og knall kveld,

Jens

Litt meir om boka:
Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Eg tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?

Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på.

Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?